Arkiv

ÅRAMPLUSS 2019

23.-25. mai

ÅRAMPLUSS PROGRAM

 

 

Velkomen til Åram i Vanylven på Ytre Søre Sunnmøre

torsdag 23. - laurdag 25. mai 2019!

Her er heile programmet til festivalen ÅRAM PLUSS:

 

 

Torsdag 23. mai

-------

 

17.30-18.45

Åram skule

Festivalkafé ved Grendalaget Åram

 

18.00-18.30

Åram skule

Yngve Jørgensen: Voksestedets natur

Opning kunstutstilling

Salsutstilling. Kunstnaren er til stades.

Jørgensen held workshop for ungdom i alderen 13–18 år fredag og laurdag (påmelding).

Utstillinga vil også vere open etter konserten torsdag, i tillegg til fredag og laurdag. Opningstider kjem. Arrangør: Vanylven kunstlag

 

19.00

Konsert i Åram kyrkje

Vanylvsgapet av Nils Økland

Urframføring tingingsverk komponert med støtte frå Kulturrådet

Festivalopning ved Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven. Hilde Myklebust framfører tekst inspirert av livet ved havet.

Nils Økland, viola d’amore, John Inge Leira Bjøringsøy, tangentar, Miki Campins, perkusjon, og Øystein Salhus, fiolin

Kr 300  / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 225 / barn 6–14 år kr 150

 

 

 

Fredag 24. mai

-------

 

17.30-18.45

Åram skule

Festivalkafé ved Grendalaget Åram

 

19.00

Konsert i Åram kyrkje

Kreutzer-sonaten

Tre verk – ein tittel – av Beethoven, Tolstoj og Janáček

Ålesund strykekvartett, forfattar Jan Inge Sørbø, pianist Kato Nogva Flem og fiolinist Øystein Salhus

Ludvig van Beethoven: Sonate nr. 9 op. 47. Øystein Salhus, fiolin, og Kato Nogva Flem, piano

Leoš Janáček: Strykekvartett nr. 1. Ålesund strykekvartett: Ai-Ling Chiu, fiolin, Ove Kvangarsnes, fiolin, Linda Bønes, bratsj, og Samuel Skrede, cello

Beethoven sin fiolinsonate påverka forfattaren Leo Tolstoj til å skrive romanen «Kreutzer-sonaten». Romanen inspirerte i neste omgang den tjekkiske komponisten Janáček.

Jan Inge Sørbø bind saman programmet med tekst skriven til denne konserten om dei tre verka.

Kr 300  / Kulturrabatt for ungdom 15–20 kr 225 / barn 6–14 år kr 150

 

21.00

Åram skule

Festivalkafé med musikk

Grendalaget Åram byr på fiskesuppe, mat som høver godt ein vårkveld ved havet.

Musikk ved Stein Helge Solstad, gitar, John Inge Leira Bjøringsøy, piano, og Øystein Salhus, fiolin

Kr 300  / med festivalpass kr 150 for maten

 

 

Laurdag 25. mai

-------

 

11.00-11.45

Åram kyrkje

Brunhilde Engelhardt: Orgelresitasjon

Brunhilde Engelhardt formidlar verk av ulike komponistar frå orgelet i kyrkja denne føremiddagsstunda.

Ho er til dagleg kantor i Vanylven, er utdanna kyrkjemusikar frå Tyskland og har mastergrad i orgel ved Mills College i California, USA.

Kr 100  / Kulturrabatt for ungdom 15–20 kr 75 / barn 6–14 år kr 50

 

Litteratur og musikk på Åram skule utover heile dagen og kvelden

 

Frå 12.00

Festivalkafé ved Grendalaget Åram

Bokmarknad og ope bibliotek i samarbeid med Vanylven folkebibliotek

Festivalbokhandel

 

 

12.00-12.30

Boksignering ved Edvard Hoem

Kjøp bøker i festivalbokhandelen og forfattaren signerer

 

 

12.30

Familiearrangement

Hva kommer nå?

Interaktivt improforteljeri for barn og vaksne i alle aldrar. Fabelaktige lydbilete i kombinasjon med Eldbjørg Raknes sine barnesongar til tekstar av m.a. Inger Hagerup

Med skodespelar Frode Eggen, skrøning og fanteri, Eldbjørg Raknes, song, lydar og hopp, Håvard Aufles, tangentar og smil, og Tor Breivik, lydmagikeri

Kr 100  / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 75

 

14.00

Edvard Hoem og Jan Inge Sørbø: Inger Hagerup - tradisjonalist og opprørar

Samtale om den viktige og samfunnsengasjerte forfattaren, som i barndommen budde m.a. på Slagnes. Ho blei konfirmert i Vanylven kyrkje i 1919. Inger Hagerup (1905–1985) blei eit nasjonalt diktarnamn frå 1945 etter at det blei kjent at ho var stemma bak kampdiktet Aust-Vågøy, som verserte illegalt under krigen. Ho debuterte i 1939 med diktsamlinga «Jeg gikk meg vill i skogene». Forfattarskapen hennar omfattar lyrikk, barnedikt, erindringsbøker og ikkje minst høyrespel, og ho var skribent i ulike tidsskrift. Mange av Inger Hagerups dikt er tonesette og blei ein viktig del av visebølgja på 1970-talet. Og kven hugsar vel ikkje dei humoristiske og undrande barnedikta hennar frå barndomen sin?

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

15.15

Edvard Hoem: Frå slåttekar i himmelen til jordmor på jorda

Fem romanar på fire år. Forfattaren fortel og les høgt frå bøkene. Ut frå historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet på bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft.

Med romanen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» frå 2014, fått eit dramatisk forspel.

Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.

Kr 300 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 200

 

17.00

Marie Nedregotten Sørbø: Jane Austen - ironi og idyll

Jane Austen sine romanar er overførte til film og omsette til andre språk. Kva endrar seg på vegen, og kvifor? Foredrag ved Marie Nedregotten Sørbø, som til dagleg er professor ved Høgskulen i Volda. Doktorgradsavhandlinga hennar er om korleis Jane Austens ironi kjem til uttrykk i filmadaptasjonar, og ho har gitt ut bøkene «Irony and Idyll: Jane Austen’s

Pride and Predjudice and Mansfield Park on Screen» og «Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation».

Ragnhild Engeset, alt, og Kato Nogva Flem, piano, framfører engelske songar frå 1800-talet.

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

18.30

Ruth Lillegraven og Hilde Myklebust: Poesisamtalen

Forfattaren Ruth Lillegraven gav sist haust ut si første krimbok. Frå før har ho fleire bøker innanfor ulike sjangrar på samvitet. Lillegraven debuterte med «Store stygge dikt» i 2005, og fekk sitt litterære gjennombrot i 2013 med «Urd». Diktsamlinga handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret, og om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman. Ruth Lillegraven har skrive fleire bøker for både barn og vaksne. Førebels siste diktsamling for vaksne er «Sigd» frå 2016.

Vi møter Lillegraven i samtale med forfattarkollega Hilde Myklebust.

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

20.00

Konsert

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein av Noregs fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk.

Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å røre publikum, anten det er med leikfull kraft eller melankoli.

Kr 350 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 250 / barn kr 250

 

21.30 – 22.15

Øystein Vidnes inviterer Øyvind Vågnes

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

 

Nettsida vil bli oppdatert med meir info og bilete etter kvart.

Oppdatert 27. januar 2019. Med atterhald om endringar.

Følg oss gjerne på https://www.facebook.com/arampluss/

 

ÅRAMPLUSS

 

 

Ein festival med musikk og litteratur.

Gode kulturopplevingar for publikum i alle aldrar. Familiearrangement, konsertar, forfattarmøte, høgtlesing, foredrag, kunstutstilling, bokmarknad, festivalkafé.

 

ÅRAM PLUSS er støtta av

Bokåret 2019

Kulturrådet

Sparebanken Møre

Vanylven kommune

 

BILLETTSAL

gjennom tikkio.com

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 23. - laurdag 25.5.2019

950 NOK

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 23. - laurdag 25.5.2019 Kulturrabatt for ungdom 15-20 år

i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune

700 NOK

 

ÅRAMPLUSS dagspass

laurdag 25.5.2019

600 NOK

KONTAKT

post@arampluss.no


Åshild Widerøe, festivalsjef,

tlf. 93021742


Festivalen er organisert som ei foreining med ideelt føremål.


#arampluss

Copyright @ All Rights Reserved